En tur til Weyprechtbreen og hyttefunn.


Johan Hustadnes har bidratt med bilder samt en historie om et par turer der Sven Vesterhus og han utforsker nordvestsiden av øya. På neste side har jeg lagt til noen av mine egne bilder for oversiktens skyld - disse er tatt i fra båt natten 4-5/6 2002 da jeg var på "Cruise" med "Professor Molchanov" På den siden er det også kart og en diskusjon av hyttefunnet.

Mission Weyprecht

1: ... 14/2-03

Vi tenkte å starte grytidleg frå Gamlemetten for å gå dagstur til Weyprecht. Grytidleg var vinden urimeleg sterk til langtur. Vi drøya derfor til klokka 10 og reduserte målet til Kapp Muyen.

NW-kapp sett frå
stranda ved Kapp Muyen.
Charcotbreen mot Beerenberg
Opp til Kvivebergent og renne
frå strand ved Kapp Muyen
Sven har truffe kjente?

Då vi kom dit hadde vinden løya, så vi kunne alltids gå litt vidare. Fylgde sørsida av den grusdekte Charcotbreen ned til sjøen. Stranda var smal med høge klipper over. Grei å gå, men bølgjene burde ikkje være særleg større. Terje hadde nemnt ein mogleg oppgang etter Nordvestkapp og då stranda slutta under Kviveberget dukka det fram ei lovande snørenne. Stor begeistring først, litt mindre etter 100 meter sparking i hard og bratt snø. øks og stegjarn ville gjort det heile hyggelegare, men i 200 meters høgde var livet ganske OK igjen. å gå tur med Sven kan imidlertid vere litt desillusjonerande. Når eg meinte vi hadde "sparka trinn opp ei snørenne" snakka han om "den krypinga". Vi såg ein grei veg ned på neste strand og vidare til Weyprecht, men det minka på dagslys, mat og drikke. Det freista ikkje å gå ned snørenna igjen, så vi skrådde oppover Nordahl Grieg Lia som viste seg å overgå forventningane. Rett & slett lettgådd rundt 300 meter. Charcottbreen kryssa vi greitt rundt 250 meter. Vi fann igjen skia og sklei mot Gamlemetten i tussmørket. Godt å kome til Frydenlund med alle sine bekvemmelegheiter.

2: 27-28/2 03 Frå Kviveberget hadde vi sett vegen vidare. Då meteogramma lova eit par fine dagar pakka vi teltet. Avgang frå Gamlemetten klokka halv ni i strålande vær og åtte minus. Lite snø, så vi gjekk til fots. Kapp Muyen, Nordahl Grieg Lia og så bratt ned frå Kviveberget der det møter Jorisbreen. Vidare ned morener under breen til den steinete stranda. Fann restane av ei bod ved Vakta. Viste seg seinare å være Anna-boda som har vore skildra ved Nordvestkapp.


Annahytta(?) med Kvive-
berget i bakgrunnen.
Johan i Annahytta(?)
Annahytta(?)sett mot nord. Dei sørgelege restane av "Anna
Serines nedkomst"(?)

Vi slo opp teltet på ei fin slette 500 meter frå Weyprecht. Ved brekanten såg vi ikkje Beerenberg sidan Thraneberget stengde, men ved å gå 100 meter utpå den steinete brekanten såg vi "heilt heim". Krateret virka veldig nær. Såg ingen damp. Tilbake ved leiren fyrte vi opp bål av garnkuler og rekved før vi gjekk strandpromenade til brefronten. Masse is på den steinete stranda og litt i sjøen. Vi vurderte fronten til 60 meters høgd, 70-80 litt bak. Så langt vi kunne sjå låg der ei smal strand under den brutale isveggen.

Fronten av Weyprechtbreen. Weyprechtbreen mot krateret.
Weyprechtbreen på tvers. Solnedgang over Weyprechtbreen.


Om ein tør kan ein gå der når bølgjene er små. Vi såg for oss store isras og var nøgde med å gå under ytterkanten. Neste dag var været like fint mens vi returnerte til Gamlemetten og vidare til henting ved Søyla. Knalltur!

neste side er det en del bilder fra nord- og vestsiden av Jan Mayen tatt av Vidar Teigen, og en liten diskusjon av hyttefunnet.